John Fawcett
1739–1817, Baptistpastor, teolog (dr.theol.) og salmediktar, Storbritannia
John Fawcett (6. januar 1739/1740 - 25. juli 1817) var ein engelsk baptistpastor, teolog og salmediktar. Han vart fødd i Lidget Green ved Bradford i Yorkshire, slutta seg først til metodistane i 1762 og deretter til baptistane i 1765, då han vart pastor i Wainsgate ved Hebden Bridge. Han vart verande i den vesle kyrkjelyden trass i eit kall til ei stor kyrkje i London i 1772, og fekk doktorgrad i teologi frå USA i 1811.