Knut Andersen
1913–1998, baptistpastor og salmeoversetter, Norge
Knut Josef Andersen (1913–1998) var norsk baptistpastor, fødd på Kråkerøy ved Fredrikstad. Han vart døypt og knytt til Fredrikstad baptistmenighet i ung alder, arbeidde ei tid som steinhoggar før han tok fire års teologisk utdanning. Han er best kjend for den norske teksten til «O store Gud» frå 1956, som er brukt i dei fleste norske song- og salmebøker.