Å gi er å så Ein sæd
1
Å gi er å så Ein sæd som til hausten du atter skal sjå
Som akstunge åkrar, med gledefylt kvad.:/:
Så gi og ver glad!:/:
2
Å gi er å få. Det skal du på dagen den store få sjå.
Hos Gud det til evige skattar skal bli.:/:
Kor stort å få gi!:/:
3
Så gi mens du kan!
Å, opna med fagnad den attiatne hand!
For sælare er det å gi enn å ta,:/:
Så gi og ver glad!:/:
4
Ja, gi og ver glad,
Til hausten du ser med eit frydefullt kvad!
Då lovsyng me Herren til æveleg tid,:/:
Fordi me fekk gi.:/: