Den sælaste lukka i livet vart di
Bjarni Eyjolfsson, Trygve Bjerkrheim transl.
1
Den sælaste lukka i livet vart di
Den gong du til Jesus fekk gå.
Han makta å tilgi og gjera deg fri.
Men sa du til andre ifrå?
Chorus
Kvi sa du då ikkje ifrå
Om det du hos Jesus fekk sjå?
Kor kan dei vel koma til trua
Om ingen vil seia ifrå?
2
Og hjarta ditt burde då fortare slå
Ved Golgatakjærleikens brann.
I barmen din burde det brenna ein trå,
At alle må høyra om Han.
3
Og Frelsaren lit på deg, det veit du vel,
Og derfor han bad deg å gå:
Eg byd dykk at de om mitt rike fortel
Som først fekk min herlegdom sjå!