CANTIONALE

Den store, kvite flokk me sjå

Hans Adolph Brorson, Elias Blix transl.

1

Den store, kvite flokk me sjå
Som tusen berg med nysnø på,
Med skog ikring Av palmesving
For Gud, kvar er dei frå?
Det er den kjempeskare som
Ut frå den store trengsla kom,
For dei ved blod Av Lammet stod
Reintvegne for Guds dom.
Der held dei no ein kyr - kjegang
Med jubelsong all dagen lang,
Med sæle ord I englekor,
Med heilag harpeklang.

2

Vanvyrde gjekk dei her på jord,
Men sjå dei no i vyrdnad stor
For trona stå Med kroner på
I høge himmel - kor.
Her tidt, når trengsla sårast brann,
På deira kinner tårer rann, Men
Gud har deim Straks dei kom heim,
Av turka med si hand.
No held dei utan brot og brest
Hjå Gud ein evig lauvsalfest,5
Og Lammet då Ved livsens å
Er både vert og gjest.

3

Til lukke, kjempesamling, då!
Ja, tusenfald du lukke få,
For du var her Så (ru især
Og slapp så vel heifrå!
Du vyrde ikkje verdsens trøyst,
Så kvil i Gud, frå striden løyst!
Det du har sått Med sukk og gråt,
Gjev haust med glederøyst,
Kved opp i høgd, slå palmetakt
Og syng med him- melkraft og makt:
Lov vere deg, Lov æveleg - Vår
Gud og Lammet sagt!