Det finst ingen grunn til mismod
1
Det finst ingen grunn til mismod
For deg som på Kristus trur.
Når han fylgjer med på ferda.
Kvi då ganga trist og stur?
Chorus
:/: Det finst ingen grunn til mismod for deg som på
Kristus trur!:/:
2
Det finst ingen grunn til mismod
Når Gud er din gode Far.
Han alt til det beste vender,
Sjølv lagnaden beisk og hard.
3
Det finst ingen grunn til mismod.
So ver då frimodig du!
Og la ikkje hjarta ottast! På
Gud og på Kristus tru!
4
Det finst ingen grunn til mismod
Om båror mot båten slær.
Når dei vil i kav deg draga,
Er Jesus med hjelpi nær.
5
Det finst ingen grunn til mismod.
So syng då eit takkekvad!
Det lysnar av dag der framme.
Ver hugheil, mi sjel, ver glad!