Det folk som frægt vil vera
1
Det folk som frægt vil vera
Og vinna lukka lang,
Det høgt Guds ord må bera
Som Ijoset på sin gang
2
Så høyr Guds ord med age,
Å land, høyr Herrens Ord!
Sa fagert som ein hage
Du lysa kan i nord.
3
Ja, lat Guds ord få bera
Si grøde i kvar grend,
Så du eit land må vera
Som høgt i dygder stend,
4
Eit land som Gud velsignar.
Der Andens grøde gror,
Ein hage der det dignar**
Kvar grein med frukt til jord,
5
Der folk med kristne dygder,
Med god og gudleg sed
Bur sælt i sine bygder
I lukke, Ijos og fred!
6
Som sol på grøne vangar Så lyser der
Guds Ord: Det gyller tind og tangar
Og glitrar over fjord.
7
Gud, lat ditt Ord då fylla
Kvar heim frå fjell til strand
Og med sitt Ijos få gylla
Vårt fagre fedreland!