CANTIONALE

Djupe, stille, sterke, milde Guddomsord

Theodor Vilhelm Oldenburg 1840, Anders Hovden transl. 1918

1

Djupe, stille, sterke, milde
Guddomsord frå himmelhamn,
Kjem med kallet, ropar alle
Til den gode hyrdings famn,
Vitnar om kva me har vunne:
Liv i Jesus har me funne.

2

Frelsar kjære, takk deg vere
For din nåde mot vår jord!
Tidi skrider, livet lider,
Evig står då fast ditt ord,
Evig varer og di nåde
Er vårt vern mot all vår våde.

3

Drag då alle som har falle,
Drag dei redde til deg inn!
Døden vike for ditt rike
Rundt på jord ved Anden din!
Før oss fram på livsens leier,
Før oss inn til livsens heider!