CANTIONALE

Eg er så glad kvar jolekveld

Inger Marie Lycke Wexelsen, Bernt Theodor Anker arr.

1

Eg er så glad kvar jolekveld, For då vart
Jesus lyste stjerna som ei sol,
Og englar song så søtt.

2

Det vesle barn i Betlehem,
Han var ein konge stor,
Som kom frå høge himmelborg
Ned til vår arme jord.

3

No bur han i sin himmelheim,
Han er Guds eigen Son.
Men alltid minnest han dei små
Som bed med tru og von.

4

Eg er så glad kvar jolekveld, Då syng me
Jesu pris, Då lét han opp for alle små
Sitt vene paradis.

5

Og mor, ho kveikjer alle ljos,
Dei skin i kvar ei krå,
For heile verda, seier ho,
Skal jolestjerna sjå.

6

Ho seier stjerna skin enno
Og aldri slokna kan,
Og skin den stjerna på min veg,
Då finn eg himlens land.

7

Ho seier englar enno syng
Om fred og fryd på jord,
At himlen like open er,
Guds kjærleik like stor.

8

Å, gjev eg kunne syngja så,
Då vart vel Jesus glad,
For eg vart og Guds kjære barn
Emgong i dåpens bad!

9

Eg er så glad kvar jolekveld, Så glad i
Jesus Krist, Og at han også elskar meg,
Det veit eg sant og visst.