Eg stend og ser på ei nagla
1
Eg stend og ser på ei nagla hand, ho spikra til krossen vart,
Og lell ho løyste mitt træleband
I dødsstunda skum og svart.
2
Eg stend og ser på ei nagla hand
Der blodsdråpar tunge fell.
Ho opna veg til eit fridomsland
Der straumar av vårliv vell.
3
Eg stend og ser på ei nagla hand,
Min Frelsar, det var for meg!
Og difor ikkje eg anna kan
Enn tilbe og elska deg.
4
Og når eg eingong i livets land
Får skoda deg som du er,
Då ser eg Jesus, di frelsarhand,
Ho merke av naglar ber.