Ein fin liten blome i skogen
Anders Hovden transl.
Ein fin liten blome i skogen eg ser,
I granskogen diger og dryg,
Og vent mellom mose og lyng han seg ter,
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
Der skuggane tyngja deg må? -
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
Til ringaste blom vil han sjå.
Men yskjer du ikkje i prydhaugen stå,
Der folk kunne skoda på deg? -
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
Eg føddest til skogblome, eg.
Ein dag vin den stormande vinter deg nå,
Då vert det vel dødsdagen din. -
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
Til vårsola kysser mitt kinn.
Eit bod frå min Herre du blomemeg ber:
Om einsleg eg vert på min veg,
Så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.
On enn eg er liten, han Herren meg kjær,
Med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
Med bøna eg sovnar kvar kveld.
Ein kledning eg fekk av min
Frelsermann kjær,
I blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
Den høver for vandringa her.
Som blomen om vinteren visnar eg av,
Men gled meg for då står eg brud.
Lat lekamen kvila meg fred i si grav,
Mi sjel, ho er heime hos Gud!
Ja, glad skal eg vakna hos
Jesus eingong I morgonen æveleg klår,
Og blanda med heilage englar min song
I himlen, dit døden ei når!