Fred, det er eit fagert ord
Fred, det er eit fagert ord,
Fullt av ljos og lukka
For det hjarta som på jord
Sårt i strid må sukka.
Fred frå Gud i barmen sår
Fell som sol på enger,
Skaper liv og von som vår,
Mørkret sundersprengjer.
Fred på jord! Slik englar song
Då vår frelsa dagna.
Jesus gjennom strid og trong
Gav oss fred og fagnad.
Fred på jord, det er hans gjerd,
Ved hans soning vunnen,
Fred med Gud i fredlaus verd
Er ved honom funnen.
Når i sorg me sitja må, Sturande og trengde,
Herre Jesus, til oss sjå Gjennom dører stengde!
Anda på oss, Frelsarmann! Lat oss freden smaka,
Den som verdi ikkje kan Gjeva eller taka!
Lat oss djupt i hjartans grunn
Sælt di helsing kjenna,
Og ved ordet av din munn
Lat vårt hjarta brenna,
Tru det auga ikkje ser,
Tru og aldri tvila,
Til me eingong skoda fær
Mildt di åsyn smila!