CANTIONALE

Gud, lys om heimen vår din fred

Bernt Støylen

1

Gud, lys om heimen vår din fred,
Og send frå høgdi signing ned
Som sol og regn til låge jord,
Så gras og blomar fagert gror
Og opnar kvar ein liten knopp
Og lyfter han mot himlen opp!

2

Gud signe kvart eit lite rom
Der du har reidd ein heilagdom,
Der offereld av deg er tend
Så kjærleiks loge fagert brenn
Og varmar hug og hjartelag
Og lyser som ein sumardag!

3

Gud signe far, Gud signe mor,
Gud signe kvar ein heim på jord!
Der heilag arv frå ætt til ætt
Er høgt i akt og ære sett,
Der kjærleik rår i gjerd og ord:
Det er eit himmerik på jord!