Her ei kjelde renner
William Cowper, Anders Hovden transl., Betty Ehrenborg Posse transl.
1
Her ei kjelde renner, Sæl er den som kjenner
Kjelda djup og nær, Gøymd, men openberr.
2
Ho deg rein kan gjera, Liv i døden vera,
For den kjelda god Det er Kristi blod.
3
Røvaren i vande Der vart løyst or bandet,
Eg så vond som han, Same frelsa fann.
4
Dyre livsens kjelde, Du nå evig velle,
Alltid helsesam Skal du fløda fram.
5
Sjuke der får bade, Sørgjande vert glade
Til dei framfor Gud Skin som Kristi brud.
6
Jesus vil eg æra Til dei meg skal vera
Til mi grav, og eg Glad får skoda deg.
7
Då skal faderøyra Frydast ved å høyra
Når eg syng hans pris I Guds paradis.