Herre Jcsus, lat meg læra Av ditt
Herre Jcsus, lat meg læra
Av ditt ord og av di gjerd,
At eg søkja skal Guds æra
I mitt liv og all mi ferd;
Ikkje for mitt eige sørgja,
Berre etter ein ting spørja,
Berre på det eme sjå, At
Guds sak eg fremja må.
Som din mat det var å gjera
Viljen hans som sende deg,
Lat min høgste hugnad vera
Deg å fylgja på den veg:
I din Faders ærend fara
Medan her mi ferd skal vara,
I Guds gjerning finnast tru,
Alt til enden tru som du!
Som den stille å kan renna
Djupt i dalen sylverklår.
Så di kraft me og kan kjenna
I den stille livsgjerd vår.
Når din Ande i oss råder,
Går han som ei livsens åder,*
Som det djupe underdrag
Gjennom alt vårt liv og lag.
Jesus, lær oss Gud å dyrka
Så som du, i alt vårt liv.
I vår helg og i vår vyrka,
I den gjerning som me driv.
Så vår livnad Gud kan lova
Endå i den låge stova,
Så ei fattig fiskarbu
Vert ei kyrkje for vår Gud!
Lat oss leva så og anda
For Guds æra all vår dag,
I hans gjerning stendig standa
Til vårt siste andedrag!
Og når mørkret på vil falla,
Gjev oss då i grav den ros:
Du i livet er vårt ljos!