CANTIONALE

Hjartans Jesus, i din kjærleik Er så

Maria Boberg, Anders Hovden transl.

1

Hjartans Jesus, i din kjærleik
Er så godt å gøyma seg.
Leva livet i din nærleik,
Det er lukka på min veg.
Ved ditt hjarta vil eg gøyma
Meg frå verdsens ville larm.
Frå din kjærleik til meg strøyma,
Kjenner eg meg trygg og varm.

2

I din kjærleik, Frelsar kjære,
Einast livsens lukka gror,
Innved hjarta ditt å vere
Det er himmel her på jord!
I din kjærleik vaka, sova,
I din kjærleik gå og stå,
I din kjærleik beda, lova,
Leva til eg heim får gå.

3

Utan deg eg kan 'kje trivast,
Utan deg eg er 'kje sæl,
Utan deg kan aldri gjevast
Fred for lekam og for sjel.
Men i dine kjærleiks-armer
Er ein logn og fredfull stad,
Om det stundom kring meg larmar
Eg hos deg er trygg og glad.