CANTIONALE

Jesus, lat di redde due Snart få

Lina Sandell, Anders Hovden transl.

1

Jesus, lat di redde due
Snart få kvila ut hos deg'
Denne jord har inga tue
Der ho trygt kan kvila seg
I Og ho lengtar, og ho lengtar heim frå ville ørkenveg..1.

2

Ferda er så full av farer,
Vegen, å, den er så smal!
Og på Satans mange snarer
Er det aldri noko tal.:/:
Siste striden, siste striden kjem i dødens skuggedal.:/:

3

Lat di miskunn styrkja motet
Så som emast du det kan!
Lær meg alltid sjå det blodet
Som for mine synder rann!:/:
Soningsblodet, soningsblodet,
Der eg liv og frelsa fann.:/:

4

Lat din Ande trufast leia
Mine steg på livsens veg,
Sjølv eg kan meg ikkje greia,
Lett eg villest bort frå deg!:/:
Dyre Frelsar, dyre Frelsar,
Emast du kan berga meg!:/: 5.
Lat ei synda her på ferda
Dåra og forføra meg,
Nei. for heile vide verda
Vil eg ikkje mista deg.:/:
Du åleine. du åleine, fører meg den rette veg!:/:

5

Gjer meg stille, gjer meg stille,
Gøym meg djupt i dine sår!
Då det aldri går meg ille,
Kor det enn i verda går.:/:
Ved din nåde, ved din nåde heim til himlen dua når.:/: