CANTIONALE

Kall dei inn

Anna Shipton, Jens Marius Giverholt transl., Anders Hovden arr.

1

Kall dei inn, kvar stakkars syndar,
Lammets nattverd ventar deim!
Å, i verda er så øyde,
Sæla er i himmelheim!
Sei at Jesus på dei ventar,
Sei han elskar dei ennå.
Han vil gløyma deira synder,
Liv og nåde skal dei få!

2

Kall dei inn, kvar stakkars syndar,
La dei ikkje ute gå!
D'er så mørkt og vondt i verda,
Livd hos Jesus kan dei få.
Sei at Jesus tek mot alle,
Sei han elskar dei ennå,
Blodet reinsar alle synder,
Liv og nåde skal dei få!

3

Kall dei inn, kvar stakkars syndar,
Jesus ynkast over deim!
Å, dei gled seg høgt i himlen
Når ein syndar vender heim.
Sei at Jesu famn er open,
Sei han elskar dei ennå,
Det er rom ved Lammets nattverd,
Kall og nøyd dei inn å gå!