CANTIONALE

Kor brukar du di dyre tid

Trygve Bjerkrheim

1

Kor brukar du di dyre tid?
Og seg, kva fyller sjela di?
Ei meisterhand hev henne gjort,
Og du er tenkt til noko stort.
So set då vakt ved hjartans port!

2

Di tid er lik ein perlestraum,
Ein rik og dyr og fager flaum.
So gjev til Jesus sjela di!
Lat han få helga all di tid!
Då sigrar du i livsens strid.

3

Ver varsam, slepp ei noko inn
Som stygt og ureint gjer ditt sinn!
Å gå fortapt, så svært det er!
Med Jesus Kristus glad du fer
Til livsens Ijose, sæle verd.