CANTIONALE

Kor herleg å få vera Ein himmeltone

Ellen Alfrida Linnea Hofgren, Trygve Bjerkrheim transl.

1

Kor herleg å få vera
Ein himmeltone klår
Ifrå Guds eiga harpa,
Der kjærleiksklangen rår!
Her nede når vårt øyra
Eit vell av mislyd vilt,
Men sæl kvar sjeleharpa
Som vart av Herren stilt!

2

Når sjela her får kvila
Ved synet på Guds Lam,
Då bryt eit vell av lovsong
Frå hjartedjupet fram,
Og Andens milde susing
Frå himmelheimen der
Blir boren fram i tonar
Frå hjartans indre verd.

3

Når kvar ein sjølv-lyd tagnar,
Og strengen brest til sist,
Fyrst då kan Kristus finna
Den klangen som var mist.
Det er den djupe løyndom:
Den store meisters hand
I brostne hjarto bare
Guds tone skapa kan.

4

Men ei i tonar bare,
I ord og ytre ferd,
Nei, stilt og sterkt det strøymer
Frå hjartans løynde verd.
Når Gud får slå akkorden
I himmel og på jord,
Blir mennesket ei harpa,
Ein lovsong utan ord.

5

Skal det med deg få henda,
Må sjølv du verta tom,
Og verdsens larm må tagna
I hjartans heilagdom.
Når Herren der vil tala,
Du sjølv må vera still,
Så han med instrumentet
Kan gjera kva han vil.