Kvar skal eg vel
Kvar skal eg vel av
Når trengslene stig som eit stormande hav
Og tvilen og vonløysa trengjer seg inn
Og legg seg så tungt over tankar og sinn,
Når jordi kan gjeva meg berre ei grav,:/:
Kvar skal eg vel av?:/:
Kvar finn eg vel fred
Når tankane tyngjer og lesser meg ned?
For freistingar ofte meg dåra og dreiv
Og synder og sorger meg såra og reiv,
Så blodfaret synte der foten min gjekk,:/:
Eg fred ikkje fekk.:/:
Det finst ikkje ein
Som såri kan kækja og lindra mitt mein
Av alle dei store og vise på jord,
Som granskar dei løynlege kreftar og ord,
For alle har synder og blødande sår,:/:
Om ingen det går.:/:
Min Herre og Gud! Du eine kan trøysta di syrgjande brud.
Du tel hennar tåror og ser hennar sorg
Og veit hennar veg ifrå freistarens borg.
Den vegen har brudgommen merkt med sitt blod,:/:
Det gjev henne mod.:/:
Om foten vert sår, Og freistaren ofte min undergang spår,
Så driv det meg berre til Frelsarens barm,
Der stilnar min strid og der endar min harm.
Mitt våpen og vergja, min skjold og mitt sverd,:/:
Det Frelsaren er.:/:
Lat draumane døy Og vonene visna som blomar og høy,
Når berre mi sjel kunne vinna sitt slag
Og stå på si vakt til min døyande dag!
Då får eg mi krune og skinande skrud:/:
Av Herren min Gud.:/: