CANTIONALE

Lova Herren

Bernhard Severin Ingemann 1822, Anders Hovden transl. 1920

1

Lova Herren! Han er nær
Når me syngja vil og beda.
Samlast i hans namn me her,
Sjølv han inn til oss vil treda.
Lova Herren, gamle, unge,
Pris hans namn, kvar barnetunge!

2

Herre, ver oss evig nær!
Ver oss nær i morgonstunder,
Og når sol og stjernehær
I den djupe natt går under!
Anden din frå oss ei vike,
Til me ser deg i ditt rike!