CANTIONALE

Med Gud ved vår sida

Carl Olof Rosenius, Anders Hovden transl.

1

Med Gud ved vår sida, hans Ande og ord,
Og brør som vil strida for korset på jord,
Dei ukjende dagar vi møter med trøyst,:/:
Vår hyrding oss leier,:/:
Vår trufaste hyrding, vi kjenner hans røyst

2

Ja, Kristus er med oss, den Golgata-helt,
Hans siger no gled oss, vår fiend er felt.
Om synda har dåra og ført oss til skam,:/:
For oss vart du såra,:/:
Oss fridde og frelste, du blodige Lam.

3

Vil Satan meg saka og koma med krav,
Då fast vil eg taka om Ordet du gav,
Den store, den evige sanning om deg::/: Ein døydde for alle,:/:
Du døydde for alle, du døydde for meg.

4

Sjå dette er nåden som gjorde meg fri,
Sjå, dette er nåden som styrkjer i strid!
Sjå, det er Guds nåde for alle som ein::/:
Han ser meg i Jesus,:/: Ja, evig i
Jesus rettferdig og rein!

5

Den stormande verda vil stengja vår veg,
Men pilegrimsferda mot himmelen dreg.
Og ferda skal enda for trona ein dag.:/:
Vår hovding er førar,:/:
Vår sigrande hovding, då vinn vi vårt slag.