CANTIONALE

Sæle morgon når det dagnar Etter dødens

Knut Øygard

1

Sæle morgon når det dagnar
Etter dødens lange natt.
Sæle time når vi vaknar
Og får sjå kvarandre att
På ei ven og nyskapt jord
Med ein lekam herleggjord!

2

Natt skal ikkje lenger vera,
Herren sjølv skal lysa der.
Sorg skal ingen lenger bera,
Ikkje pinsle slik som her-
For dei fyrste ting veik bort,
Alt er nytt av
Herren gjort!

3

Sæle morgon, lat meg kjenna
Angen av din vene vår -
Som på Jesu Ord skal renna
Når den gamle jord forgår -
Og vi fritt i æva all
Gud med glede tena skal!

4

Sæle time som skal ringja
Freden inn til evig tid,
Gjev meg kraft og mod i bringa
Til å stri den gode strid,
Lyft meg gjennom jordlivs sveim,
Lys meg fram og leid meg heim!

5

Knut øygard