CANTIONALE

Stå opp og lova Gud

Bernt Støylen

1

Stå opp og lova Gud,
Syng høgt til Herrens ære!
Kvart folk og tungemål
Sin lovsang fram skal bere.
For Gud med oss er god,
Han ber oss i sin famn,
Hans miskunn himlen når.
Høglova er hans namn!

2

Gud vere evig lov
For all sin store nåde!
Hans namn velsigna ver,
Hans rike evig råde!
Han allheims herre er
Med makt og herredom,
Med visdom, velde, kraft
Og evig herlegdom!