CANTIONALE

Stille natt, heilage natt

Trygve Bjerkrheim, Joseph Mohr

1

Stille natt, heilage natt,
Himlen gav sin beste skatt.
Stjerna stor skein i stallen ned.
Barnet sov i den djupe fred.:/:
No er ein Frelsar oss fødd.:/:

2

Store stund, heilage stund,
Himmelord frå englars munn.
Høyr det herlege jubelkvad,
Song som gjer oss i hjarta glad::/:
No er ein frelsar oss fødd.:/:

3

Stille natt. heilage natt.
Himlen gav oss vona att.
Vi med hyrdingar glade går.
Stjerna enn over stallen står.:/:
No er ein frelsar oss fødd.:/:

4

Sæle von, heilage von!
Æve-livet vann Guds Son.
Fødd han vart av ei fattig møy.
Me skal leva og aldri døy.:/:
No er ein frelsar oss fødd.:/: